Produkt

Vi arbeider etter råvaretilgang og sesong, slik det vart gjort på gardane før i tida. Difor vil vårt utval av produkt variere gjennom året. Spikjemat, spikjepylser av gris og geit vert produsert heile året.

I vår- og sommarsesongen lagar vi litt av kvart som til dømes kebab, taco, Chilli con Cabra, pylser og burgere. Vi blandar alle urter og krydder sjølve for hand, slik at våre krydderblandingar er fri for allergen.

I haustsesongen har vi sylte (sylteflesk), rull av geit, tørka svineribbe og litt kjeribbe har vi til jul.

Ferskfrosne produkt av kje, geit, og hjort er litt av sortementet vi har gjennom året. Her får du kjøpt produkta våre.