Spikjeflesk

Spikjeflesk

Godt tørka | Modna kjøt

 

Speka sideflesk av gris som er naturleg mjølkesyremodna med salt, slik som dei gjorde det på gardane før i tida.

Ingrediensar:
Kjøt av svin, salt, konserveringsmiddel Natriumnitritt. Overflatebehandla med konserveringsmiddelet Kaliumsorbat.
Opphav: Noreg. Kjølevare +4° C.

Saltinnhaldet i flesket vil variere frå 4,5 - ca. 6 g. per 100 g, alt etter feittinnhald, tørketid og kor tjukt det er. Difor vil nokre bitar smake meir salt enn andre.

Tips:
Dette produktet er meint til å ha attåt anna mat. Skjer i tynne skiver, eller del opp i bitte små bitar og ha i salat, spagetti med fløytesaus (carbonara), eller med potet og flatbrød.

Ved opna pakke bør ein unngå tett plast ved lagring i kjøleskåp, bruk gjerne matpapir. Produktet kan frysast.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Røykjeflesk

Neste
Neste

Spikjelaks