Etikettar med norrønt motiv

Tor sine bukkar, geiter; Tanngnostr og Tanngrisnir. Dei drog vogna til guden Tor over himmelen så det romla, og Tor slo med hammaren så det lyna.

 
 

Fleire av våre etikettar har norrøne dyr på etikettane. Kvifor?

Jau, vi bur i Holmedal ved Dalsfjorden og her er det mykje vikinghistorie. I den samanheng har vi valt å ha norrøne dyr som passa til produkta på ein del av etikettane våre. Dette gjeld etikettar for spikjemat og spikjepylser som er tradisjonelle produkt.

Vi vil takke flinke Ida Ariel Høyvik, som har laga alle dei flotte illustrasjonane til etikettane våre: Instagram @iarielh

 

Audhumbla

Audhumbla var urkyra som frå opphavshistoria i norrøn mytologi. Ho vart laga i Ginnungagap, kløfta mellom Nivlheim, det kalde skoddelandet i nord og Muspellsheim, eldlandet i sør. I samspelet mellom kulde og varme oppstår opphavet til alt liv med urjotnen og kjempen Yme og urkyra Audhumbla. Yme vert oppforstra av Audhumbla ved å drikke mjølka hennar. Audhumbla slikka på saltsteinane og fram kom Bure. Han vart stamfar til æsene (gudane).

Sæhrimnir

Galten Sæhrimnir vart kvar dag slakta og kokt i gryta Eldrimne, og servert i etegilde hos Odin i Valhall.

Heidrun

Heidrun var geita som beita på taket til Valhall. Mjølka vert nytta i mjøden til festdrikk.

Eikthyrnir

Eikthyrnir var ein staseleg hjort som beita på taket til Valhall. Frå horna draupt det dråpar ned i brønnen Kvergjelme i Nivlheim, der i frå rann det elvar ut i verda.

Gullinbursti

Galten Gullinbursti, gyllen bust, trakk vogna til guden Frøy. Han fauk i lufta over land og hav, raskare enn nokon hest.

Hildisvini

Dette var gudinna Frøya sitt ridedyr og stridssvin. Galten var magisk og bekledd i gull.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Lokalhistorie, identitet og profil

Neste
Neste

Spikjemat på tur