Lokalhistorie, identitet og profil

Vi held til i Holmedal som ligg ved Dalsfjorden. Like ved hovudvegen Rivedal, Holmedal står ei statue av vikingen Ingolfr Arnarsson. Vi har nytta dette landemerket, for å seie litt om kvar vi kjem frå når vi er ute marknadar.

Det var her i frå Dalsfjorden Ingolfr Arnarsson reiste med husstanden sin, og alt han eigde i år 872 - 874, for å busetje seg på Island. Han og ætta vert rekna som dei fyrste fastbuande på på Island.

I Holmedal, Rivedal står der ei statue som er gjeven av den Islandske stat som ei erkjenning av Ingolfr som fyrste landnåmsmann på øya. Han var òg med på å opprette det fyrste tingsete, (lov og orden) på øya. Det vil seie grunnlaget eit organisert samfunn og opphav til staten Island.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Oppdaterte etikettar med returmerka for plast

Neste
Neste

Etikettar med norrønt motiv